Fantasy på norsk

Heilt sidan Tolkien skreiv boka om Hobbiten i 1939, har fantasy vore populært lesestoff blant ungdom og vaksne. Så kvifor ikkje fantasy-lesestoff frå norske fjell, med haugafolk, drakar og jamvel ein trollmann? Jakta på drakeegget inneheld alt dette. Det blir kampen mellom det vonde og det gode, men den vonde er kanskje ikkje den du trur.

Andre norske fantasy-bøker er for eksempel Landet under isen og Djevelen vil alltid finne deg av Lars Mæhle. Dei er hakket skumlare enn Jakta på drakeegget, så kanskje skal du begynne med denne?