For bokhandlarar

Historien i boka

Jakta på drakeegget er ei spennande bok om dei fire barna som dreg til besteforeldra i Valdres. Dei eldste barna ventar seg ein kjedeleg sommarferie på garden …

Det blir alt anna enn kjedeleg. Ungane får høyre segna om draken som vart omskapt til tre av trollmannen Zack, og dei møter Rampe frå haugafolket, dei underjordiske, som berre driv med spøk og fanteri.

I eit forrykande uvêr slår lynet ned i Reinli stavkyrkje, og draken Eldjarn får nytt liv. Men han har dårleg tid. Han må finne det siste drakeegget, og han må finne det før trollmannen. Den som finn det først, får nemleg makta over den nye draken i egget.

Det blir eit kappløp mellom draken og trollmannen om å finne drakeegget. Og kvifor rotar haugafolket og ungane seg opp i denne striden?

Bokomslaget
Bokomslaget

Tittel Jakta på Drageegget
Innholdssider: 192 + omslag
Veier 624 gr
Forfatter: Torild Dedekam
Illustratør: Per Vie
Design Monika Veleum
Utgitt: Kvitvella Forlag
Kr 349

Bestilling
Denne kan du bestille i bokbasen, Mentor eller ta kontakt med forlaget ved Aud Søyland, forlagssjef, tlf 99 03 75 84

Du kan også høre utdrag av boka på denne nettsiden.