Velkommen til våre mediasider

Media kan bruke alle element frå denne sida, enten det er bilde, pressemeldingar, artiklar eller lydfiler.

Der det står oppført namn på f.eks. fotograf eller illustratør, må namnet takast med saman med elementa pressa skal bruke. Der det ikkje står noko, skal det refererast til boktittelen, Jakta på drakeegget.

Dersom det er ønske om personleg intervju med forfattaren, kan du ringe mediekontakt på tlf. 94 79 25 00. Her kan du òg be om andre bilde eller illustrasjonar.

Pressemelding 1. november 2022

Litt om historia i Jakta på drakeegget

Jakta på drakeegget er ei spennande bok om dei fire barna som dreg til besteforeldra i Valdres. Dei eldste barna ventar seg ein kjedeleg sommarferie på garden …

Det blir alt anna enn kjedeleg. Ungane får høyre segna om draken som vart omskapt til tre av trollmannen Zack, og dei møter Rampe frå haugafolket, dei underjordiske, som berre driv med spøk og fanteri.

I eit forrykande uvêr slår lynet ned i Reinli stavkyrkje, og draken Eldjarn får nytt liv. Men han har dårleg tid. Han må finne det siste drakeegget, og han må finne det før trollmannen. Den som finn det først, får nemleg makta over den nye draken i egget.

Det blir eit kappløp mellom draken og trollmannen om å finne drakeegget. Og kvifor rotar haugafolket og ungane seg opp i denne striden?

Du kan også høyre utdrag av boka på denne nettsida.